Kristne og den Jødiske sabatten.

Fra Ivarskrivar.com/
16. januar 2012.

Jødane er i år 5772 etter skapninga. Kristne er i år 2012 e.kr.

Det er klare skilnader mellom det religiøse Jødiske samfunnet i dag, og samfunn av menneske der Jesus får merksemd som Gud. Men Jødar og kristne har mykje meir til felles enn det som skil oss. Jødane er Gud sitt utvalde folk, utvald av Far, Son og Heilag And. Jesus si kyrkje er eit samfunn av truande. Mellom anna trur vi at Abraham, Isak og Israel sin Gud framleis står ved utvelginga av Jødane som sitt folk. Det at vi ferier år 2012, er eit teikn på at Jøden Jesus sette eit merke i verdssoga. Vi markere eit skilje som går ved den tidsalder der Messias kom til oss som menneske.

Jøden Jesus feira Sabbaten ved solnedgong fredag, til den var over solnedgang laurdag. Det var eit døgn prega av kvile, lovprising og bøn. Jesus forklarte at alle menneske har lov å gjere godt på Sabatten. Til dømes må både politi, brannmenn og legar jobber både fredag kveld og laurdag formiddag.

Sabbaten er eit krav frå Gud om å innføre og respektere ein fridag. Menneske som ikkje tar regelmessig fri frå arbeidet vert sjuk. Ein brannmann må gjerne ta fri på ein tysdag. Likevel er Han elska av Gud. Sabbatsbodet må ikkje blandast saman med lœra om rettferdiggjering ved trua åleine. Vi er frelst av Jesus sitt blod, åleine, fråskild frå observasjon av loven og gode gjerningar.

Korleis vi tar oss tid til Sabbat er ein del av heilaggjeringa av dei truande. Sjølv likar eg å markere den Jødiske Sabbaten. Likefult tar eg del i det kristne felleskapet eg tilhøyer om Sundagane. Skulle eg utebli frå Sabatts-markring eller sundagsmøte, så mister eg ikkje frelsen. Men det ligg velsigningar i å markere den Jødiske sabbaten. Det ligg også velsigningar i å delta aktivt i eit kristent felleskap.

Markeringa av den Jødiske sabatten får meg til å halde fokus på Israel, og støtte det Jødiske folket. Når eg deltar i felleskap med andre kristne om sundagane, mistar eg ikkje fokus på Jesus.

3 Mos 16:31:
"En sabbat, en hviledag skal den være for dere, og dere skal ydmyke dere. Det er en evig forskrift."