"Så kommer da troen af det, som høres..." Rom. 10,17.

Leder fra DagenMagazinet.no
26. juni 2009.

Bruk av forkynnarar på bedehuset.
Forkynninga er det som pregar kristenfolket når det gjeld tru og liv. Difor må ein vera nøye på kva som vert forkynt og kva forkynning ein høyrer. Då kan ein ikkje innby kven som helst som talarar på bedehuset, som skal vera eit hus forplikta på Guds ord.


Denne tenkinga låg til grunn for Rolf Kjøde, generalsekretær i Normisjon, då han overfor generalforsamlinga gjorde klart at den nye biskopen i Stavanger ikkje kan brukast som talar på bedehuset på grunn av at han lærer galt om eit fundamentalt spørsmål som homofilt samliv. Folk som lærer slik kan korkje brukast som forkynnarar eller åndelege leiarar.

Kjøde gjorde klart at ingen, korkje normisjonsfolk eller andre, må tru at ein er slik laga at ein ikkje let seg påverka av ubibelsk eller utflytande forkynning. Det skjer anten ein vil eller ikkje, om ein gjev denne forkynninga sitt øyra. Falsk forkynning skaper falsk tru, utvatna forkynning skaper utvatna tru, rett forkynning skaper rett tru og sunn forkynning skaper sunn tru. Difor: Vak over forkynninga på bedehuset!