Ordet synd i forkynninga.

Fra DagenMagazinet.no
23. november 2007.


Frå tid til annan vert det teke til ordet for å unngå å bruka kanaans språk i formidlinga av den bibelske bodskapen. Dagens menneske forstår ikkje kva som meinast med omgrepa vi er vant å bruka i tradisjonell kristen forkynning, vert det hevda. Ordet synd kjem som oftast først i rekka av bibelske uttrykk ein bør unngå.

Det ligg ei grunnleggande misforståing i denne haldninga. Alle fagområder har sitt fagspråk. Det gjeld fiskarfaget, psykologien og matematikken. Skal ein setja seg inn i eit nytt fag, må faguttrykka lærast, dei mest sentrale først. All undervisning er bygd opp slik. Utan bruk av fagspråket vert det umogeleg å omtala presist kva faget dreier seg om, og å ta opp og drøfta faglege problemstillingar.

Slik er det naturlegvis også med formidlinga av den kristne læra. Bibelen sitt vokabular må brukast for å framstilla bibelsk kristendom. Hvis tilhøyrarane ikkje skjønar dei bibelske «faguttrykka», må ein starta med å definera desse. Dei bibelske uttrykka må forklarast, og slik byggja opp ein basis hos tilhøyrarane til å kunna forstå meir. Målet er å forklara kva Guds Ord seier, då kan tilhøyrarane få eit møte med Bibelens Gud.

Alternativet, det å bruka nye uttrykk som ein meiner er meir sakssvarande i dagens kontekst, blir feil strategi. Som kristent forkynnarkorps sviktar vi kvarandre, alle må starta på nytt når ei kristen sanning skal forklarast. Og om det skulle vera så bra at våre nye uttrykk gir fullgod bibelsk meining, så gjer vi med dette sjølve læreboka uaktuell og utilgjengeleg. Dersom ingen lenger skjønar rett kva som ligg i orda synd, nåde, heilag og kjærleik, blir Bibelen ei lukka bok som må skrivast om.
Rune Espelid, Cand.scient Tysse